Under kvar bokstav ligg det minst eitt reisemål

  • A (2)
  • B (2)
  • C (1)
  • G (1)
  • H (2)
  • K (1)
  • M (2)
  • N (3)
  • O (1)
  • P (2)
  • T (1)
  • U (1)
  • X (1)

fredag 7. mars 2014

T - THESSALONIKI

Vinterferien 2014  reiste vi til Thessaloniki,
den nest største byen i Hellas. Den ligg i nord, berre 6 -7 mil frå grensa til Makedonia (tidligare del av Jugoslavia).


Flott promenade  ved Salonikibukta (Egearhavet)

 
"Der hvite tårn" - byens kjennemerke.
 
 
Det går trapper heilt opp på toppen av tårnet.........


.... og derfra er det kjempeflott utsikt over byen.


Bymuren omkransar den øvre del av byen. Her ligg også det fine og godt bevarte Vlatodon kloster.

 
Utruleg mange koselige cafear og restaurantar spesielt i Ladadika-området.

 
I Thessaloniki kryr det av flotte kirker med overdådig interiør.
Ein del utgravingar og statuer finn du også.
Thessaloniki er flott og spennande.
 
Vi budde på Zaliki Hotel. Dette låg i grei gå-avstand til Ladadika og promenaden.  Fint rom, god seng og hyggelig betjening.
 
Eg anbefaler deg ein tur til Thessaloniki !  Det er litt gøy å ha lese boka "Tråden " av Victoria Hislop før du drar !!

søndag 7. oktober 2012

G - Guadalest



På kjøretur nordover fra Benidorm (Spania) og litt inn i landet, der ligg Guadalest.
Guadalest er ein flott fjellandsby som ligg nedunder borgruiner.Ein gang ein strategisk militær utpost.

Du når den gamle delen av byen gjennom ein skrånande tunnel.
Plazaen øverst oppe i landsbyen......


......herfra er det flott utsikt......




Og trappetrinn nedigjen!!



GOD TUR !

søndag 16. september 2012

N - Nice


Nice er yndlingsbyen min på den Franske Rivieraen (og eg har vert her mange ganger).
NICE er byen som har alt i gåavstand: stranda, promenaden, byen, gamlebyen, parkar, markeder, god mat og drikke. ATMOSFÆRE.
 

Fontena på Massena-plassen.
 
 
Aktivitet på stranda.
 


Innbydande markeder


På tur opp på høgden med flott utsikt over Nice.
 
På vei ned fra høgden.
 

Fra høgden kan ein gå rett ned i gamlebyen....Vieux Nice
 
....og fra gamlebyen kan du gå rett ut på promenaden (Promenade des Anglais)
 

Det er eit stort utvalg av hotell i byen og vi har prøvd mange og har stort sett vert veldig fornøyde. Her er utsikt fra Hotel Albert 1ere (som ligger rett ved parken med samme navn)
 
Du spiser godt i Nice. Vi bruker å spise inne i gamlebyen. Her har vi lunch på L'abbaye.

Nice er ein flott by og også eit flott utgangspunkt for å besøke andre byar i området. Offentlig kommunikasjonsmidler er ypperlige !
God tur !!!!
 
 
 
 
 

A - Antibes

 
ANTIBES - Vi tok "1-euro-bussen" fra Nice til Antibes sommaren 2012.
Bussen stoppar i nærheten av denne fontena, der ligg også turistinfoen.
 

Vi budde på Modern Hotel, eit bra hotell og eitt av dei få i sjølve byen. Dei fleste hotella låg utenfor Antibes - "badehotell".
 

Antibes er ein flott by med smale bakgater, vakre torg og ei gammal havn. Her er Place Republique.
 


Vakre hus og bygningar.
 

Nydelig lunch ved ei av fontenene.

La Passion des Mets - restaurant med kjempegod mat og ypperlig service.
 
 
Grimaldi-slottet der ein etasje er fyllt med Picasso sine maleri, teikningar, skulpturar og keramikk. Det meste her er laga i løpet av eitt einaste år - 1947.
 
 
Markeder
Strand for dei som ønsker det !
 
Ein  diger og fasinerande skulptur satt saman av bokstavar.

Antibes - ein vakker by vel verdt eit besøk !
God tur !
 
 
 
 
 
 
 
 

søndag 12. august 2012

C - Cannes

Cannes - ein fin by på den Franske Rivieraen.

Havna med dei luksuriøse båtane.

Cannes er berømt for den internasjonale filmfestivalen som blir arrangert her kvart år.....

........ men har òg ein flott gamleby med trange gater ......



......og koselege restaurantar med nydeleg mat. Moules de Gorgonzola og rosèvin.


Herlige sandstrand !!!!


...... og kultur!


Det er lett å koma til Cannes og lett å forflytta seg mellom byane på den Franske Rivieraen. Buss, tog eller leiebil. Mange flotte småbyar å reisa til.
Anbefales på det sterkaste !!!
God tur !!




søndag 29. juli 2012

U - Undredal

Midt mellom Flåm og Gudvangen tar du av til Undredal.

Og det er ikkje alltid like lett å koma fram !!!
Undredal er ei vakker og spesiell bygd som er mest kjent for den vesle stavkyrkja si (1147) ........
...... og for Undredalsosten - den nydelige brune og kvite geitosten.

Bygda har både butikk - Undredalsbui - og fleire overnattingsstader

Her er det både galleri og rom til leige. Campingplass midt i bygda er det også.

Ta deg ein tur, kjøp ein god ost og kos deg !!!!!
www.visitundredal.no