Under kvar bokstav ligg det minst eitt reisemål

  • A (2)
  • B (2)
  • C (1)
  • G (1)
  • H (2)
  • K (1)
  • M (2)
  • N (3)
  • O (1)
  • P (2)
  • T (1)
  • U (1)
  • X (1)

onsdag 16. juli 2014

O - Orta San Giulio

Orta San Giulio ligg på sørøst sida av den vakre innsjøen Lago d'Orta i Nord-Italia.
 
Vi budde på Hotel la Brussola - med fine rom, badebasseng og parkering.

 
 Bratte steingater og steinhus ned mot sjøen.

 
 Som alltid nydelig mat i Italia !!

 
 Sacre Monte (Det Hellige Fjellet) ligg rett ovanfor byen, det er ein fin tur å gå dit. Sacre Monte er ein fantastisk flott stad med mange små kapell, skulpturar, frescoar og ei diger kirke. Alt dette er bygd fra ca 1600 -1800.

 
På vei ned igjen fra Sacre Monte, du ser sjøen der nede!
Lago d'Orta er kanskje den minst kjende av alle dei fine sjøane i Nord-Italia, men ikkje minst verdt eit besøk !!

onsdag 4. juni 2014

M - Mont St. Michel

Mont St. Michel er ei øy på vestkysten av Frankrike. Øya er landfast med vei/molo, men ved høg flo kan veien vera stengt.

 Øya består av ein liten landsby med kloster , klosterkirke og klosterhage på toppen.

 For å koma til toppen må du gå den bratte vegen oppover langs mengder av butikka, cafear  og restaurantar, og mykje folk !
Vi nærmar oss toppen !
 

Når du er komt opp, er det ei fantastisk utsikt !


 Inni klosterkirka.
 


Klosterhagen er utruleg vakker.
 
Eg hadde lenge hatt lyst til å reisa til Mont St. Michel, no har eg vert der to gangar og like fantastisk kvar gang !!

H - Honfleur

 Honfleur er ein flott liten by i Normandie, Frankrike.


Byen har ei lita flott havn med stor forskjell på flo og fjøre.

 
 
Koselige, smale brosteinsgater med butikkar og cafear og masse sjarm !

 
Vi har vert i Honfleur fleire gangar, denne gangen budde vi i dette huset. Spesielt med heller både på veggar og tak. Bra å bu her, parkering var det også.

 
Deilig å slå seg ned her blant lavendelen !


Ein bra plass å spisa er "Homme de Bois" . Her serverer dei mellom anna blåskjell med pommes frites ....mmmmm...nydelig !

Honfleur er ei perle !

B - Brussel / Bruxelles

 
 
Sommaren 2009 var vi innom Brussel ein tur.

 
  GROTE MARKT -
 ein stor flott plass midt i byen med mykje liv og flott arkitektur.

 
 

 
 
Brussel har mykje flott å by på.......
 
 
 
 
 
 
Notre Dame - katedralen i Brussel
 

 
Digre, tøffe glassbygningar
 
 
ATONIUM

 
Triumfbuen
 
Manneken Pis - som var mykje mindre enn eg hadde trudd !

 
Vincent van Gogh


Restaurantar med god mat var det mange av. På restaurant le Bigorneau spiste vi nydelig  Paella de la Mer.
 
 
Vi budde på Thon Hotel Brussel City Center- eit flott 4 stjerners hotel (vi brukte coop-tilbud)
Både byen og hotellet var virkelig å anbefala.

fredag 7. mars 2014

T - THESSALONIKI

Vinterferien 2014  reiste vi til Thessaloniki,
den nest største byen i Hellas. Den ligg i nord, berre 6 -7 mil frå grensa til Makedonia (tidligare del av Jugoslavia).


Flott promenade  ved Salonikibukta (Egearhavet)

 
"Der hvite tårn" - byens kjennemerke.
 
 
Det går trapper heilt opp på toppen av tårnet.........


.... og derfra er det kjempeflott utsikt over byen.


Bymuren omkransar den øvre del av byen. Her ligg også det fine og godt bevarte Vlatodon kloster.

 
Utruleg mange koselige cafear og restaurantar spesielt i Ladadika-området.

 
I Thessaloniki kryr det av flotte kirker med overdådig interiør.
Ein del utgravingar og statuer finn du også.
Thessaloniki er flott og spennande.
 
Vi budde på Zaliki Hotel. Dette låg i grei gå-avstand til Ladadika og promenaden.  Fint rom, god seng og hyggelig betjening.
 
Eg anbefaler deg ein tur til Thessaloniki !  Det er litt gøy å ha lese boka "Tråden " av Victoria Hislop før du drar !!

søndag 7. oktober 2012

G - Guadalest



På kjøretur nordover fra Benidorm (Spania) og litt inn i landet, der ligg Guadalest.
Guadalest er ein flott fjellandsby som ligg nedunder borgruiner.Ein gang ein strategisk militær utpost.

Du når den gamle delen av byen gjennom ein skrånande tunnel.
Plazaen øverst oppe i landsbyen......


......herfra er det flott utsikt......




Og trappetrinn nedigjen!!



GOD TUR !

søndag 16. september 2012

N - Nice


Nice er yndlingsbyen min på den Franske Rivieraen (og eg har vert her mange ganger).
NICE er byen som har alt i gåavstand: stranda, promenaden, byen, gamlebyen, parkar, markeder, god mat og drikke. ATMOSFÆRE.
 

Fontena på Massena-plassen.
 
 
Aktivitet på stranda.
 


Innbydande markeder


På tur opp på høgden med flott utsikt over Nice.
 
På vei ned fra høgden.
 

Fra høgden kan ein gå rett ned i gamlebyen....Vieux Nice
 
....og fra gamlebyen kan du gå rett ut på promenaden (Promenade des Anglais)
 

Det er eit stort utvalg av hotell i byen og vi har prøvd mange og har stort sett vert veldig fornøyde. Her er utsikt fra Hotel Albert 1ere (som ligger rett ved parken med samme navn)
 
Du spiser godt i Nice. Vi bruker å spise inne i gamlebyen. Her har vi lunch på L'abbaye.

Nice er ein flott by og også eit flott utgangspunkt for å besøke andre byar i området. Offentlig kommunikasjonsmidler er ypperlige !
God tur !!!!