Under kvar bokstav ligg det minst eitt reisemål

  • A (2)
  • B (2)
  • C (1)
  • G (1)
  • H (2)
  • K (1)
  • M (2)
  • N (3)
  • O (1)
  • P (2)
  • T (1)
  • U (1)
  • X (1)

søndag 29. juli 2012

U - Undredal

Midt mellom Flåm og Gudvangen tar du av til Undredal.

Og det er ikkje alltid like lett å koma fram !!!
Undredal er ei vakker og spesiell bygd som er mest kjent for den vesle stavkyrkja si (1147) ........
...... og for Undredalsosten - den nydelige brune og kvite geitosten.

Bygda har både butikk - Undredalsbui - og fleire overnattingsstader

Her er det både galleri og rom til leige. Campingplass midt i bygda er det også.

Ta deg ein tur, kjøp ein god ost og kos deg !!!!!
www.visitundredal.no




onsdag 25. juli 2012

P - Port-en-Bessin

295
Port-en-Bessin ligg vakkert til  langs Normandie-kysten i nord-vest Frankrike.
298     
297    294
Tour Vauban blei bygd i 1694 til vern mot piratar og for å forhindra at engelskmennene gjekk i land.
299
Det er stor forskjell på flo og fjøre
300
Under 2.verdenskrig var Port-en-Bessin ei lita fiskehavn som låg midt mellom to landingssoner : Omaha Beach og Gold Beach.
portenbx
Monumentet er til minne om soldatane som vart drepne under frigjøringen av Port-en-Bessin 6.juni 1944.
Normandiekysten er flott !

lørdag 21. juli 2012

N - Nusfjord

 

havna_forside

NUSFJORD i Lofoten.
Nusfjord er eit av Norges eldste og best bevarte fiskevær. Staden er full av historie og flotte bygningar omkransa av majestetisk natur. Du finn bl.a. ein freda kraftstasjon, sagbruk, smie og eit trandamperi frå 1910 der tran vart laga av fiskelever. No er det utstilling av gamle reiskaper.

Nusfjord (2)

Då vi var i Nusfjord  i sommar, var det gråvær, men ein fantastisk opplevelse likevel.

Nusfjord (6)    Nusfjord (8)

Nusfjord (12)

Nusfjord har òg eit gammalt landhandleri frå 1907.

Nusfjord (13)    Nusfjord (14)

Restauranten Karoline (tidligare tørrfisklagar) hadde nydelig mat og flott utsikt over fjorden.

Nusfjord (18)    Nusfjord (19)

Det fins òg ei lita kro  med sjel på staden (Oriana Kro).
Du kan òg leiga båt eller sykkel (henvend deg i ekspedisjonen)

Nusfjord (5)  Nusfjord (4)

Det fins mange flotte rorbuer for utleige. Vi budde i denne, med flott interiør og stor brygge. For bestilling av rorbuer kan du kontakta www.nusfjord.no . Vi hadde ikkje bestilt noe og det gjekk også bra.

God tur!!

lørdag 14. juli 2012

N - Nyksund

NYKSUND

“Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”!!
For å koma hit må du køyra vei 820 nordover frå Sortland i Nordland, så ta vei 821 til Myre og deretter grusvei 938 til Nyksund.

Ein utruleg idyllisk stad !

NYKSUND 2 (9)

NYKSUND 2 (10)  NYKSUND 2 (11)

Nyksund var i starten på 1900-talet det nest største fiskeværet i Vesterålen. Men då ny teknologi i form av motorar og større båtar vart tatt i bruk, blei havna i Nyksund for lita. Fiskeværet vart avfolka  og rundt 1970 var Nyksund heilt fråflytta.

NYKSUND 2 (8)        NYKSUND 2 (7)

                                      - Ein god stad å eta -

NYKSUND 2 (12)     NYKSUND 2

I 1980-90 åra kom tyske studentar til Nyksund og skapte ny aktivitet på staden.

NYKSUND (4)

Etterkvart vart Nyksund ein populær stad for kunstnarar og turistar.

NYKSUND (6)

Fleire hus og brygger er no i ferd med å bli restaurert.

NYKSUND (9)  NYKSUND (21)

I Nyksund vart òg spelefilmen “Etter Rubicon” og “Insomnia” delvis spela inn.

NYKSUND (26)

  No har Nyksund fleire overnattingsstader:

NYKSUND 2 (5)

Nyksund – ein god stad å vera ! Berre slappa av, nyta god mat eller fiska eller gå stien over til Stø (eit par timar)

NYKSUND (14)

NYKSUND – ein flott stad å feriera !