Under kvar bokstav ligg det minst eitt reisemål

  • A (2)
  • B (2)
  • C (1)
  • G (1)
  • H (2)
  • K (1)
  • M (2)
  • N (3)
  • O (1)
  • P (2)
  • T (1)
  • U (1)
  • X (1)

lørdag 21. juli 2012

N - Nusfjord

 

havna_forside

NUSFJORD i Lofoten.
Nusfjord er eit av Norges eldste og best bevarte fiskevær. Staden er full av historie og flotte bygningar omkransa av majestetisk natur. Du finn bl.a. ein freda kraftstasjon, sagbruk, smie og eit trandamperi frå 1910 der tran vart laga av fiskelever. No er det utstilling av gamle reiskaper.

Nusfjord (2)

Då vi var i Nusfjord  i sommar, var det gråvær, men ein fantastisk opplevelse likevel.

Nusfjord (6)    Nusfjord (8)

Nusfjord (12)

Nusfjord har òg eit gammalt landhandleri frå 1907.

Nusfjord (13)    Nusfjord (14)

Restauranten Karoline (tidligare tørrfisklagar) hadde nydelig mat og flott utsikt over fjorden.

Nusfjord (18)    Nusfjord (19)

Det fins òg ei lita kro  med sjel på staden (Oriana Kro).
Du kan òg leiga båt eller sykkel (henvend deg i ekspedisjonen)

Nusfjord (5)  Nusfjord (4)

Det fins mange flotte rorbuer for utleige. Vi budde i denne, med flott interiør og stor brygge. For bestilling av rorbuer kan du kontakta www.nusfjord.no . Vi hadde ikkje bestilt noe og det gjekk også bra.

God tur!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar